Klart for ny utgåve av Rejoice!!
Rejoice er ein ungdomskonferanse som går av stabelen 13. - 15. november i Norheimsund bedehus. Talarar er Sondre Høysæter, Gjermund Neteland og Geir Loftesnes Nord-Varhaug frå Impuls Stavanger. Tema for Rejoice er ”forandring”. På programmet står møte, konsertar, seminar og fotball-/ volleyballturnering. Rejoice ynskjer å skape eit inkluderande fellesskap med Jesus i sentrum, er ungdom startar nye liv til engasjerte, smittande etterfølgjarar av Han. Påmeldinga er no opna. Klikk "påmelding" i menyen til venstre for å melde deg på.
